Koreanske kampaktivitetar

Dae-Kwae-Do i Korea, måla i 1846.

Koreanske kampaktivitetar (hangul 무술, hanja 武術, musul eller hangul 무예, hanja 武藝, muye) er ulike former for kampsport ein har drive med i Korea gjennom historia, både for militære føremål og for rekreasjon og personleg utvikling. I dag blir fleire av desse teknikkane praktisert over heile verda, med taekwondo som eit viktig døme. Andre kjende koreanske øvingar er tradisjonell koreansk bogeskyting og kumdo, den koreanske forma av japansk kendo. Tradisjonelle øvingar som ssireum - koreansk bryting - og taekkyon - fotkamp - er også blitt kjende utanfor landet. I november 2011 blei taekkyon anerkjend av UNESCO som immateriell verdsarv (Intangible Cultural Heritage of Humanity List).[1]

  1. «UNESCO Culture Sector - Intangible Heritage - 2003 Convention». Unesco.org. Henta 19. februar 2014. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search